Vedomnen

Det knitrar lunt i den gamle vedomnen.

Det er mørkt ute, sein høst trur eg. Utom glaset kan eg kan sjå bjørketrea ovanfor huset svinge sakte i nordavinden, svarte greiner mot den djupblå himmelen.

Eg ville vore mørkeredd hadde eg vore ute. Det er eg ikkje. Eg sit på fanget til Besta, på vedkassen der ho støtt satt. Det er varmt, trygt, og eg er så lita at eg ikkje veit noko enda. Eg veit ikkje at Besta er lei seg, at ho eigentleg er det heile tida. Eg veit ikkje at hausten og vintaren er den verste tida for ho, at svartsinnet hennar tek over då. Gjer kvardagen så utruleg mykje tyngre. Ho ser noko av det same alvoret i meg, og eg skulle ynskje ho visste kor mykje eg kom til å fortså. Eller.. Eg er glad ho slapp å vite.

Eg sit i den gode bestemorfamna, kvilar bakhovudet mot kjolebrystet hennar med blomar på, alt er mjukt og varmt og stille, og eg sovnar mest. Eg undrar på om det er til hjelp for henne dette, det at eg sit her hos ho. Kanskje slepp ho å tenkje dei vonde tankane ei lita stund. Ho brukte å vere stille, minns eg. Kan hende sat ho berre der og var. Var trygg bestemor, kjende seg elska og trengt. Eg sat der og berre var sonedottera hennar. Bekymringslaus og mest ny enno. Ho og eg. Den varme vedomnen. Tryggleik og lykke.

6 Thoughts on “Vedomnen

  1. Vakkert, vart og sterkt. Her ligger det mye varme og visdom.

  2. Sterkt, vart og godt-vondt. Takk!

  3. Ingunn on 08/09/2012 at 19:27 said:

    Kjempefint Karen!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Post Navigation