Når den tid kjem

Det er så mykje du ikkje kjem til å forstå

Du kan sjå inn i auga mine, du kan halde handa mi, kviskre gode ord i øyret mitt, men

orda og venleiken

stemmen og blikket

når ikkje inn dit eg vil du skal nå

Det er så mykje du ikkje kan klare å bere

Sjølv om du er sterk og du er ung og du løfter tunge bører, så

vik styrka di

visnar grepet

når du kjem dit du ikkje kan vere

Det er så mykje du ikkje vil halde ut

Du vil prøve om att og om att, du vil kjempe og tvinge deg fram, men

ein gong til

så fell du

og då er tida inne, til slutt

3 Thoughts on “Når den tid kjem

  1. Oi, så sterkt! Og vakkert. Det er dypder i diktet som er gode og vonde å dykke i.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Post Navigation