Monster under senga

Eg ligg i senga mi. På ryggen, slik eg alltid gjer; eg må halde auge med døra, sjå meg kring i rommet, vere budd om noko skulle skje, om monsterane under senga kryp fram.

Eg kan hugse at eg alltid bråvakna om natta, livredd, hikstande og sveitt. Og eg ligg der, lys vaken – og veit med heile meg at eg skal døy. Eg er berre jentungen. Verken besta, bestemor eller bestefar er borte enno, dei skal alle leve til eg er mest vaksen, heilt vaksen. Eg veit ikkje det der eg ligg. Veit ingenting om sorga, stilla og saknet. Eg veit berre at eg skal døy. Ikkje no. Ikkje snart. Om lenge, eit heilt liv til. Men eg skal døy. Og det er ingenting eg kan gjere med det.

Eg veit ikkje kvifor ei lita jente tenkjer slike tankar. Kvifor ho vaknar av dei midt på natta, så redd at ho knapt kan puste, med vidopne auge og ei visse så sterk at ho er umogleg å kome seg unna. Ei visse som brenn i ho, får magen til å brette seg saman og tårane til å renne.

For meg var det berre slik. Er det slik. Vissa om døden, om at eg aldri slepp unna. Den tek meg, uansett. Dei fleste lever heile livet utan å uroe seg for døden. Dei bryr seg ikkje, eller vil ikkje bry seg. Ein dag kjem den berre og dei forsvinn stilt som om ingenting har skjedd. Som om livet ikkje var levd. Som om eg aldri var meg. Men eg var her. Høyrer dykk det? Eg var her.

10 Thoughts on “Monster under senga

  1. Så bra skrevet!! Jeg kjenner meg igjen. Jeg tenkte mye på døden da jeg var lita, kanskje fordi mamma var kristen og ikke bekymret for livet etter døden i det hele tatt. Det var jo en selvfølge at hun skal til himmelen, men meg da, jeg var jo ikke så sikker på Gud (er fortsatt ikke det ass). Når jeg var tenåring sa jeg at jeg ville kremeres og stakkars mamma sa at det var alt for tidlig å tenke på slikt. Hun skulle bare visst hvor lenge jeg hadde gått og tenkt på det! Og fortsatt gjør det.

    Fortsett å skriv! Jeg vil lese mere!

  2. Oi, denne her var sterk! Du skildrar så veldig bra. Flink!

  3. Mamsen on 11/08/2012 at 15:26 said:

    Nok ein sterk tekst Karen. Hugsar korleis du kom springande på bere føter, og kraup opp i senga hos oss og la deg ytterst på sengekanten. Ville ikkje forstyrre, og tora nesten ikkje å trekke dyna til deg. Mens bror din breia seg midt i dobbeltsenga med den største sjølfølgje :-)
    Eg forsto nok ikkje kor redd du var, og tok deg kankje ikkje nok på alvor. Prøver å gjera det no, og tenkjer det er godt du klarer å sette ord på redselen. Da blir den kanskje litt mindre etter kvart.

  4. Fekk litt frysningar medan eg las. Min frykt for å døy kom etter at eg vart mor. Ganske naturleg tenkjer eg, sidan eg er redd for å døy frå guten min før han er vaksen nok til å klara seg sjølv.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Post Navigation