Melankolimelodi

Linjeknitter og trikkerumling

gir tomheitskjensla lyd

Eit liv med meiningar er likevel

meiningslaust

for framandgjeringa er total

 

Eg lengtar etter substans, men alt eg finn er overflate

Eg lengtar etter stilla, men alt eg finn er støy

 

Alt er rutinar, gjentakingar og

gater eg har gått i før

Bakom syng einsemda

Vi får fortalt at alt vi skriv er for trist

men kvar skal vi få gleda frå?

 

Verkelegheita har sklidd ut

Alle vil bedras

Og ein stad mista vi alt

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Post Navigation