Fredagspoesi #39

hei, korleis går det
seier dei, og eg
har ikkje svar å gje

har ikkje tid att no
veit ikkje kvar ho drog

så berre ro ned,
seier dei, men eg
har aldri lært meg det

har ikkje kraft att no,
får ikkje svevn eller ro

einsemda tek tak
eg stengjer meg inne
er svak

hent meg ut att

 

2 Thoughts on “Fredagspoesi #39

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Post Navigation