Fredagspoesi #44

eg kikar opp,
treff blikket til unggutane, dei mørke augo
og eg vil så gjerne seie at eg bryr meg
eg ser dei
vil så gjerne seie at eg skjønar, at eg vil dei vel
mest av alt vil eg gje dei ein klem

men kvifor skulle dei ville ha ein klem av meg?
kvifor skulle dei trenge medkjensla mi?
kva veit vel eg om livet deira?

eg går forbi
tenkjer at det faen meg ikkje kan vere så greitt for dei
men det er då for faen ikkje så greitt for meg heller
det er faen meg ikkje greitt for nokon

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Post Navigation