det var ei tid då eg visste alt
kunne sjå framtida inn i augo
og være klar
være budd
røynda var mi
tida var vår
ho skulle kome,
vi skulle bli
dei fyrste kjærteikna
var gneistar og solskin
den fyrste tida
berre leik og tiltru
du fann roa mi og henta ho hit
i tryggleiken satsa eg alt
no veit eg ikkje noko lenger
finn vi fram?