Fredagspoesi #42

vil ikkje du og skrike høgt av og til?
DETTE ER JO FAEN MEG BERRE PISS,
vil eg rope
brenne brua og stikke i frå

karriere i ein bullshitjobb, dei riktige bøkene og joggeskoa
eg går omkring som ein vandrande klisjé
lengtar etter hav og gard i byen
lengtar etter by og fridom der heime

kvifor blir ho ikkje borte, utbrytertronga?
kvifor finn ikkje hjarte og hovud seg til rette nokon stad?

plikt, lyst, lengt, trong og kjensle
men kven faen sa du har rett til lukke?
kven har lovt deg det perfekte liv?

ber vi ho med oss alle saman?
er det å halde tilbake lysta til flukt
det som gjer oss til menneskje?

eg held meg fast i deg og
held så vidt balansen,
men

noko må hende

 

Soundtrack: Säkert – Kommer hända

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Post Navigation