Fredagspoesi #4 (på en mandag)

Vasskilje

ein einsleg solstråle skjer gjennom grønblå overflate
treff ein barneneve, hardt knytta
vatnet grer det mørkebrune håret
grøne auge ser ei æve
vi andre ikkje kjenner enno

dei ligg kring han der på botnen no
alle dei som ikkje hadde noko å tape
som dro
sette sine siste kort på von om
fred og fridom
men aldri kom fram

i djupna ligg mødre med ungar tett inntil bringa
unge par med stivna armar kring kvarandre
fedre som freista redde familien
men drap dei i staden

på overflata finst vi
turistar badar i same vatnet som
rommar ein gravplass
lyden av latter overdøyver
skrika frå dei som druknar

dei ville berre nå overflata
vere som oss, leve med oss
men her finst ikkje plass i herberget
så vi let dei heller døy

 

 

5 Thoughts on “Fredagspoesi #4 (på en mandag)

  1. Kristine on 11/06/2014 at 05:37 said:

    Sterkt + vakkert, Karen.

  2. Så vakkert! :)

  3. Jeg trodde barselsperioden skulle være over, men nå kom sannelig tårene likevel. De siste to linjene stakk hardt i meg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Post Navigation