Sundagsmorgon
sola smyg seg under rullegardina
inn kjem du, smilande
morgonkaffen har du helt opp i
den gule koppen du veit eg likar best
egga kokar og rundstykka steiker
katta kjem inn og legg seg i senga
lyden av deg på kjøkenet
varm kaffe mot leppene
kan du tru meg på at
eg treng ikkje meir enn det her
Å tenk at jeg ikke hadde fått med meg denne. Elsker fredagspoesi <3
Tusen takk, du er vel bra fin!