Fredagspoesi #35 (på en søndag)

val og brytningstid

i heite sumarkveldar
ligg framtida så nær
at ho dirrar
som varmehildringar
over asfalten

sola heng lågt og
skin inn i svarte auge
lyset vinn terreng
men når ikkje botnen
frykta får halde seg gøymd

på vegen mot noko anna
ligg det bortvalde att
som pollenstøvet
på fortaua
ventande på regnet

ein stad der framme
finst vissa og roa
dei er funnen før
og kan finnast igjen

hald handa mi til då

Soundtrack: Kråkesølv – Vi

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Post Navigation