Fredagspoesi #25

roa som kjem

med eit spegelblankt hav

båten sin dur

stilnar måsen sitt kav

 

hovudet mitt

som ligg mjukt mot di arm

midnattssolskin

blenkjer sjøskorpa varm

 

alt det eg treng

har eg her hjå meg no

deg og eit hav

sommersola og ro

 

 

2 Thoughts on “Fredagspoesi #25

  1. Nydelig, Karen. Høres ut som om du har det veldig-veldig-veldig fint <3 <3 <3

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Post Navigation