Fredagspoesi #13

 

Heilt i frå byrjinga var eg sikker

Eg kan gjere kva som helst for deg i verda

Det har aldri vore meir innlysande

sidan den dagen var det du og meg

 

Frå no av skal eg vere bra for deg

 

Alt eg gjorde før det vart oss to

strevar eg for å bli betre på

Eg skal leggje meg tidlig for deg

Byrja gå i terapi for deg

 

Frå no av skal eg vere bra for deg

 

Kva du enn kan tenkjast gjere som er dumt

er det aldri utilgjeveleg

Du kan skrika eller hata meg

Eg kjem alltid til å velgje deg

 

Frå no av skal eg vere bra for deg

 

 

(Lett omdiktet og oversatt versjon av Veronica Maggios Hädanefter)

 

 

Fredagspoesi #11

 

eit år omme, eit av så mange no

eg tel opp, gjer rekneskap

veg godt mot ondt og ser

kva som vann dette året

 

forsett forgjekk og nye kjem til

men blir eg betre enn eg er?

god og snill, men urettvis

for hard mot dei eg er glad i

 

nytt år gjev ny byrjing

slikt trur eg ikkje lenger på

men viljen til å prøve litt til

den kan eg tru på i år og

 

 

Fredagspoesi #10

Det lyser i stille leirar
av flammande ljos i kveld
og tusende barnehender
kring gråtande mødre held

Og svoltne med bøn dei helsar
ein gud fjernt i himmelhall
som ein gong var folkets Frelsar
men riket står no for fall

Der ligg dei med høy til pute
dei gret på si ringe seng
og bombene smell der ute
på Betlehems aude eng

Det er ikkje fyrste gongen
ei natt over Davids by
er soga i denne songen
men krigen som drep er ny

 

(Omdiktet etter originalen av Jacob Sande.)

 

Fredagspoesi #7

I don’t like mondays

Gå ut døra, løp ned trappa, ut i bakgår’n, gjennom porten, ta til høyre, følge gata, snu til høyre, gå til stoppet, sjekke klokka, hopp på trikken, stues sammen, stå og gynge, gå av trikken, krysse gata, unngå folka, vent i krysset, følge fortau, gå ned trappa, under jorda, løp i sikksakk, rull ned trappa, på perrongen, gå på banen, stå i klynge, sjekke twitter, se ut vindu, finne sete, sitte stille, gå av banen, gå opp bakken, over veien, langsmed stadion, over brua, bort langs ringvei’n, inn på plassen, åpne døra, inn i gangen, få ned heisen, trykk på knappen, opp i andre, ut i landskap, ned ved pulten,

jobb.

 

Fredagspoesi #6

 

han er sterk no,

trongen til å rømme

ferda til fridom ligg

freistande nær

 

å vende ryggen til alt

med unntak av deg

forlate og legge bak oss det

som er uuthaldeleg

 

kvile blikk på stille hav

roe kropp på steinlendt strand

berre høre verda slik ho var

 

eg fer no, eg

– er du med?

 

 

 

Fredagspoesi #4 (på en mandag)

Vasskilje

ein einsleg solstråle skjer gjennom grønblå overflate
treff ein barneneve, hardt knytta
vatnet grer det mørkebrune håret
grøne auge ser ei æve
vi andre ikkje kjenner enno

dei ligg kring han der på botnen no
alle dei som ikkje hadde noko å tape
som dro
sette sine siste kort på von om
fred og fridom
men aldri kom fram

i djupna ligg mødre med ungar tett inntil bringa
unge par med stivna armar kring kvarandre
fedre som freista redde familien
men drap dei i staden

på overflata finst vi
turistar badar i same vatnet som
rommar ein gravplass
lyden av latter overdøyver
skrika frå dei som druknar

dei ville berre nå overflata
vere som oss, leve med oss
men her finst ikkje plass i herberget
så vi let dei heller døy