Første innlegg som fast Maddam-skribent er herved publisert!

red-jenny

Jenny Jordahl i “Livet blant dyrene” er heller ikke særlig fan av “flink pike-syndromet”.

Der tar jeg et oppgjør med flink pike-begrepet (litt på samme måte som jeg gjør i den selvironiske bloggtittelen min) og dere kan lese den her.

Håper for øvrig dere stikker innom Maddam med jevne mellomrom og følger med på hva de andre utrolig bra damene der skriver om også!

 

Fredagspoesi #32

grå våg speglar låg himmel utom kjøkenglaset/mellom dei kvite blondekappene/ser eg holmane fulle av ærfugl, måse og tjeld

eg et kavring med geitost/og tømmer glaset med surmjølk/set det tungt mot respatexbordet

seks år gamal trur eg dette er røynda/å få sitte slik i fred/at gamaltante aldri døyr

dei lot husa stå etter seg då dei for/så vi framleis fekk kome/finne ro

 

Julesang på ny

Det lyser i stille leirar
av flammande ljos i kveld
og tusende barnehender
kring gråtande mødre held

Og svoltne med bøn dei helsar
ein gud fjernt i himmelhall
som ein gong var folkets Frelsar
men riket står no for fall

Der ligg dei med høy til pute
dei gret på si ringe seng
og bombene smell der ute
på Betlehems aude eng

Det er ikkje fyrste gongen
ei natt over Davids by
er soga i denne songen
men krigen som drep er ny


(Omdiktet etter originalen av Jacob Sande. Publisert på bloggen første gang 20.12.14)

 

Fredagspoesi #29 – Refuserte brev

Til K, hausten 2011

Kjære deg,

Du skal vere glad du ikkje veit enno. Du skal vere glad for at du framleis berre trur det er alt det rundt, det du ikkje rår over, som øydelegg. At det er oppgåva, einsemda, skota og draumane der du spring og spring før du kvar gong vaknar av kula som treff.

Enno er raserianfalla knapt til stades. Berre gråten kjem, men han er der stadig oftare, stadig hardare. Du kjenner at grepet om kvardagen losnar, at det som er på vei ikkje kan kontrollerast. Det som skulle vere den finaste tida blir skitna til, kvar lukkestund får si motvekt i iskald stille.

Det er no du tek dei fyrste tablettane, no du har dine siste, ekte kjensler.

 

Til K, våren 2012

Kjære deg,

No har du mista deg sjølv. Det har teke over alt no, mest ingen dagar er gode lenger. Alt er liding og mørke, tomheit og nomen stillstand. Puta full av våte, svarte mascaraflekker, hovudet innkransa av verkande kuler. Kjærleiken du kjempa til deg er blitt ein bitter kamp og du orkar ikkje meir no. Han held ut. Du sig inn. Inn i den glefsande kjeften som sit fast inni hovudet ditt og et opp alt som var deg.

Sirener i vårkveldstilla og dei slitne, sterile kontora med maisola utanføre. Men det er ingen som kan hjelpe deg, ingen som tek tak. Berre du og den veksande uroa om at dette aldri kjem til å slutte.

Det kjem til å slutte. Eg lovar deg. Legg vekk den kniven.

 

Til K, sumaren 2013

Kjære deg,

Du er ute no. På eiga hand kan du finne roa, vekse deg sterk igjen. Raseriet stilna, gråten tok over att. Men desse tårane treng å renne. Dei gjer godt. Du veit enno ikkje heilt kven det er meininga at du skal vere etter to år utan deg sjølv. Kvar dag grev du fram ein ny rest. Finn noko nytt.

Den same, gamle elva renn forbi den nye heimen din, men no er det berre du som følgjer ho. Vatnet løyser opp knutane og stoppar tankekverna i nokre takksame minutt. Du gjekk deg så uendeleg vill. Utmatta trør du no inn på stien som tek deg attende.

Ein dag svelgjer du den siste tabletten på brettet og skaffar ikkje fleire.

 

Til K, sumaren 2015

Kjære deg,

Tenk at du fann deg sjølv att.

Framleis skjer det at noko ryk, at det glepp for deg. At trongen kjem til å smelle hovudet med all di kraft inn i noko hardt så verda svartnar. Til det lynar i hjerneskallen og gnistrar bakom augnelokka. Men det skjer sjeldan no. Og det stoggar der. Kjensla av kulen er nok, påminninga om kor nær du kom å øydeleggje livet ditt. Du har alt å leve for. Og du har ein no som er der og treng deg.

Du skal vere glad du ikkje visste.

 

Fredagspoesi #27

det er brytningstid no

tid for færre livslygner

tid for nye val

 

røter, hjarte, minne

sinnet som sveik meg

no lyt dei finne saman, finne fram

 

blindt velgje rake vegen

eller springje meg vill på eigen sti?

 

kjærleiken eg trudde på før

som var falsk eller ikkje fanst

vi var aldrig kära i varann

men det känns precis likadant

 

kven var eg då og

kven skal eg bli?

 

då er det handa di er der

og eg finn fram

 

Soundtrack: Melissa Horn – Hur ska det gå?

 

 

Fredagspoesi #26

 

fortida ligg der djupt nedi molda

veks seg ung og rak opp i

saftige strå

eg stryk handa mi over grastustane

kjæler med restane av ei

slekt som bygde alt

midt i minna om det som var

kan eg leve

låne noko som

ikkje kan eigast

eg lukkar fingrane kring graset

held historia mi i handa

no er eg her